Arkiv



Bergsdalstunet
LID i Bergsdalen
5722 Dalekvam
T: 56 59 89 34
M: 93 213 213
post@bergsdalstunet.no

Du finn oss på Lid i Bergsdalen. Olaug og Helge Terje er vertskap på garden. Dei tar imot stort og smått. Det gjer også resten av familien; Kristina og Øystein, Ingrid, Åshild og Erling. 15 melkekyr og Pusane. Velkommen til gards!

Om oss

Olaug Fagerbakke og Helge Terje Fosse

Me er vertskap på garden, og ynskjer dykk velkomen til oss. Me driv gard med kyr, kalv og sau. Me produserer kjøttvarer med råstoff frå garden, som til dømes pinnakjøt, kalv/lammekorv, og kjempegode karbonader. Alt med hjarta for god kvalitet og gode matopplevingar.

Helge Terje er fødd og oppvaksen i Bergsdalen. Olaug har snart budd her i 30 år, og me trivst her i Bergsdalen 450 meter over havet.

Dei siste åra har me pussa opp Gamlefloren og gjort han om til kurs-og møtelokale. Den vedfyrte steinomnen har fått plass nede i floren der me serverer mat.