Velkomen til Bergsdalstunet

Det finst ikkje finare stad å samlast enn mellom fjell, fossefall og fjøs.

Kom rett inn i ei aktiv gardsdrift, trekk inn frisk fjelluft, og nyt roa mellom store naturopplevingar på Bergsdalstunet.

Få eit streif attende i tid samstundes som du er midt i tunet på ein moderne gard.


Fest eller konferanse – velkomen til oss!

Møtelokalet på Låven er stort, lyst og romsleg, og passar perfekt for både fest og konferanse. Lokalet er utstyrt med internettilkobling, eit enkelt lydanlegg, lerret og prosjektør, slik at du har alt du treng for eit vellukka arrangement.

I Gamlefloren i kjellaren finn du dei originale steinveggene, som skaper ei intim og triveleg atmosfære – ideelt for mindre samlingar eller stemningsfulle festar.

Gardsmat

Gardsmat med smak av tradisjon og kvalitet. Reine råvarer, ferske, ujåla og med ein smak som kan overraske – rett frå garden til bordet.

Bli natta over

I Bergsdalen kan du bu på Bergsdalshytten, som ligg om lag 20 minutt frå Bergsdalstunet. Hytta har høg standard, 32 sengeplassar fordelt på 11 soverom, og fasilitetar som peis, fullt utstyrt kjøkken og internett – perfekt for både små og store samlingar.

Me gler oss til å treffa deg

Vil du besøkja oss i tunet vårt? Bli kjend med oss og garden vår.

 

Dei saftigaste skillingsbollane får du frå steinomnen på Bergsdalstunet

Nyhendebrev

Det hender me inviterer på smalahovefest, dans eller andre arrangement. Har du lyst til å få ein epost med informasjon om når me har arrangement eller sel gardsprodukt?

 

Instagram