Gardsmat

Reine råvarer, ferske, ujåla og overraskande

Reis langsamt og ta deg tid. Smak på skattane frå fjorden, frå elvane, frå fjellvatna og skogen. Mat handlar om oppleving, om historien deira, om menneskja som lagar maten til deg  – og kanskje det viktigaste; kven du et han i lag med.

 

Det glødane hjartet i gamlefloren

Lukta og synet av nysteikt steinomnsbakst. Det er noko eige og ekte i denne måten å baka på. Du kjenner skilnaden. Han sitt i skorpa på brødet, i smaken og lukta, men også i veggene i gamlefloren.

Lærdom og kunnskap om gode råvarer og gardsmat gjennom generasjonar

 

“Som ein liten familiedriven gard er me bevisste på å bruka lokale leverandørar, og legg mykje stoltheit i å bygga kvarandre sterke i lokalsamfunnet me er ein del av. Difor er produkta til leverandørane våre kortreiste, og både hjort og lam har beita i Bergsdalen, og fisken kjem frå elva utanfor.”

— Olaug

“Kvalitet på maten er ikkje kun relatert til tekniske kriteria, men til dyrehelse, jordsmonn, planteval og beitelandskap.”

— Helge Terje

Karamellpudding slik han alltid har vore laga i Bergsdalen