Lokale

Me tek gjerne i mot grupper på minimum 15 personar. Gamlefloren kan me dekka opp til 60 personar. På låven kan me dekka til 70 personar - og her er det også godt dansegolv.

 

Konferanse, team-building, julebord, selskap, bryllup og fest

I låven er det høgt under taket

 

Godt internett, projektor, gode konferansefasilitetar gjer at du kan konsentrera deg om å få arbeidsøkta du treng for teamet ditt.

Forfedra til Helge Terje har budd i Bergdalen mellom fossefall, bratte fjell og langstrakte vidder i generasjonar.

Gamlefloren er i dag eit moderne lokale som kan husa både små og store grupper. Bileta på veggene syner Helge Terje sine forfedre- og mødre som har hatt arbeidet sitt på garden.

 

Gamlefloren vart bygd på 1800-talet, og der budde både kyr, griser, sauer og høner i vinterhalvåret. Når det vart heitare i vêret for dei alle til vårstølen og sommarstølen for å beita.