Gardsmat

Reine råvarer, ferske, ujåla og overraskande

Reis langsamt, og ta deg tid til å smake på skattane frå fjorden, elvane, fjellvatna og skogen. Mat handlar ikkje berre om smaken, men om opplevinga – historia bak råvarene, menneska som lagar maten til deg, og kanskje det viktigaste av alt: kven du deler måltidet med.

 

Det glødane hjartet i gamlefloren

Lukta og synet av nysteikt steinomnsbakst fyller rommet. Det er noko heilt spesielt med denne tradisjonelle måten å baka på. Du kjenner skilnaden – i skorpa på brødet, i smaken og i lukta. Men ikkje berre det, han sit også i veggene i Gamlefloren, der historia og handverket møtest.

Lærdom og kunnskap om gode råvarer og gardsmat gjennom generasjonar

 

“Som ein liten familiedriven gard er me bevisste på å bruka lokale leverandørar, og legg mykje stoltheit i å bygga kvarandre sterke i lokalsamfunnet me er ein del av. Difor er produkta til leverandørane våre kortreiste, og både hjort og lam har beita i Bergsdalen, og fisken kjem frå elva utanfor.”

— Olaug

“Kvalitet på maten er ikkje kun relatert til tekniske kriteria, men til dyrehelse, jordsmonn, planteval og beitelandskap.”

— Helge Terje

Karamellpudding slik han alltid har vore laga i Bergsdalen