Lokale

Velkomen til arrangement hjå oss
Me tek gjerne imot grupper på minimum 15 personar. Gamlefloren kan me dekka opp til 60 personar, medan låven har plass til 70 personar – med eit godt dansegolv for dei festlege stundene.

Med godt internett, projektor og moderne konferansefasilitetar legg vi til rette for at du kan konsentrera deg om det viktigaste – enten det er arbeidsøkter, sosiale samlingar eller feiringar.

Konferanse, team-building, julebord, selskap, bryllup og fest

I låven er det høgt under taket

Eit stykke historie i moderne omgjevnader

Forfedra til Helge Terje har levd i Bergsdalen mellom fossefall, bratte fjell og langstrakte vidder i generasjonar. Gamlefloren, som vart bygd på 1800-talet, har vore ein sentral del av garden og er no forvandla til eit moderne lokale som kan husa både små og store grupper.

Gamlefloren er no eit rom der historia møter det moderne, og kvar stein i veggen ber med seg eit stykke av garden si stolte fortid.

 

På veggene i Gamlefloren finn du bilete av Helge Terje sine forfedrar og formødrer, som sette sitt preg på garden gjennom arbeidet sitt.

Før i tida budde kyr, griser, sauer og høner i Gamlefloren gjennom vinteren. Når våren kom og vêret vart varmare, blei dyra flytta til vårstølen og sommarstølen for å beita i dei frodige områda rundt Bergsdalen.