
Olaug og Helge Terje
Helge Terje er fødd og oppvaksen i Bergsdalen, medan Olaug har budd her i over 30 år.
Me trivst her i Bergsdalen, 450 meter over havet, i lag med 15 mjølkekyr og pusane våre
Borna våre er no vaksne, men Ingrid & Kristian, Kristina & Øystein, Åshild og Erling hjelper framleis til i gardsdrifta og når me arrangerer selskap og konferansar.
Velkomne til oss!







Kanskje det var akkurat slik det kjentes å koma på besøk til bestemor då du var liten? Her ventar god mat, gode senger og herlege, stressfrie omgjevnader på deg.

Bergsdalen – ein vakker fjelldal full av historie og natur mellom Dale og Voss
Bergsdalen er fjelldalen som strekkjer seg mellom Dale i Vaksdal og Bulken i Voss. Grensa mellom Vaksdal og Voss går ved Hamlagrø, heilt i slutten av dalen før nedstigninga mot Bulken.
Den 45 kilometer lange vegen gjennom dalen var tidlegare hovudvegen mellom Bergen og Voss, heilt til E16 stod klar. I dag fungerer han som veg for dei fastbuande, eigarar av fritidsbustader og som omkøyringsveg.
Langs dalen finn du idylliske plassar som Storefossen, Fosse, Øye, Berge, Småbrekke og Hamlagrø, berre for å nemne nokre. Gjennom heile dalen renn Bergsdalselva, omgitt av vakre naturperler. Dalen har også fleire store og små vatn, inkludert Hamlagrøvatnet, Småbrekkevatnet, Bergsvatnet og Storefossdammen – alle perfekte for naturopplevingar og rolege stunder.
Det Bergsdalen kanskje er aller mest kjend for, er naturen og fjellområda. Frå vegen gjennom dalen kan du nå store fjellområde på begge sider av vegen.
På nordsida av vegen er det toppar som Dystingen, Blåsåta og Mykkeltveitveten. Frå fjellområdet her kan du også gå ned mot Bolstad eller Evanger.
Dei største fjellområda er derimot på sørsida av vegen. Her finn du fjell som Gløvret, Bukkafjellet, Fuglafjellet, Skrott og mange fleire. Fjellpartiet strekkjer seg frå Bergsdalen, mot Vaksdal, Tysse, Øystese og Hardangerfjorden.
Det er langt mellom husa i fredelege Bergsdalen.
